3. november 2017

Åh, Vestland, Vestland!

Summary in English: This autumn Svein and Egil Nyhus, illustrators and twin brothers, have presented their drawing show for children at primary schools in Hordaland, Norway. Svein works mainly as a book illustrator, Egil as a caricaturist and a cartoonist.

I haust har Svein og Egil Nyhus på nytt vore på Vestlandet med teikneshowet «To menn og ei tavle». Denne gongen har tvillingbrørne vitja barneskular i kommunane Radøy, Samnanger, Sund og Øygarden i Hordaland.

Etter fire veker på vegen seier teiknarane no takk for seg. Dei takkar òg for idear og innspel frå elevane, for namnet på tavleungen, staden der han kan bu, huset og sakene i rommet – og for sol og regn på reisa. Rike gåver alt saman!

Men forteljinga er ikkje slutt. Karane i dei raude huene kjem attende til fylket med nye tusjar i mars 2018. Då er det skuleungar i Stord, Tysnes og Fusa som får vere med å styre historiene på tavla. Kven og korleis veit ingen før dagen og timen.

Bileta under syner gneistrande glimt frå det turbulente turnelivet: artistane i jailen på Vestnorsk Utvandrarsenter, fingerpeik på taket på Bygarasjen (med Ulriken bak), breie bein på Nøstegatens «Walk of Fame» og førebuing og hugselappar i ein manesje på Sotra.





Vestlandsk visdom på vegg

På alle skulane, og i grunnen overalt elles, har teiknarane møtt venlege folk og kloke ord. Ja, nedanfor er vedunderlege døme på oppbyggjeleg kommunikasjon på veggar og lappar i landsdelen.











Bonus: Moro i Mo!

I oktober drog To menn òg til Mo i Rana. Der møtte brørne nye småfolk og vart filmstjerner i ein videosnutt frå Rana bibliotek:



Sjå òg:
«To menn og ei tavle», eit teikneshow for små og store
«To menn og ei tavle» på Facebook

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar